Sykkel Tid AS
Siden 2023

Sykkel Tid AS

Sykkel-tid.no starta med at eg jobba åtte år i sportsbutikk. Då eg etter kvart bytte yrke, heldt folk fram med å spørje om eg kunne hjelpe dei med syklane deira. Det kjekt å skru, så eg starta litt på fritida – først heime på stova i ei leilegheit eg leigde, og seinare bygde eg eit lite verkstad i kjellaren då eg kjøpte hus i Hjelledalen.

Hausten 2023 starta eg enkeltmannsforetak fordi etterspørselen auka. Eg fekk ein god avtale med Giant, og leverte nokre elsyklar til utleige hos Nygård Camping. Det var då namnet Sykkel-tid vart til. Sidan eg også gjorde nokre fotooppdrag, gjekk alle inntektene i starten med til å kjøpe inn skikkeleg sykkelverktøy, fotoutstyr og eit lite lager med slangar og smådelar.

Hausten 2024 fekk eg kjellaren full av vatn under ei oversymjing. Då måtte eg finne ei anna løysing, og leigde eit lite lokale i Stryn sentrum for å skru på kveldstid. Pågangen heldt fram med å vekse, og det vart både mange reparasjonar og ein del sykkelsal på bestilling. Til slutt tok eg valet om å seie opp den faste jobben min i august 2025 for å satse for fullt. Den 2. mars 2026 opna eg dørene til den nye butikken i Tinggata 16.