Godfathers Garage Tire Sealant 1L
Godfathers Garage Tire Sealant – Tubeless guffe 1L
Slipp tilstoppa ventilar og inntørka guffe i dekket! Godfathers Garage Tire Sealant er ei nytenkjande tetningsvæske utvikla av frikøyringslegenda Wade Simmons og testet på røffe stiar i Canada
På lager – 10 stk.
I motsetnad til tradisjonell tubeless-guffe som er basert på lateks og ammoniakk, bruker Godfathers Garage ein unik, plantebasert formel. Det betyr at guffa ikkje tørkar ut inni dekket eller legg att seige klumpar som tettar ventilane dine. Når du skal bytte dekk eller vaske utstyr, spyler du ho enkelt vekk med reint vatn.
Difor bør du velje Godfathers Garage Tire Sealant:
- Tettar raskt: Pluggar punkteringar på opptil 6,3 mm lynraskt slik at du kan halde farten oppe.
- Tørkar ikkje ut: Du slepp stadige etterfyllingar gjennom sesongen, og guffa held seg flytande lenge.
- Tettar ikkje ventilar: Ingen lateks betyr ingen klumping i ventilkjernen.
- 100 % vassløyseleg og giftfri: Biologisk nedbrytbar og fri for ammoniakk – snill mot både miljøet, felgane og dekkstammen (hindrar oksidasjon og rust).
- Hald på lufttrykket: Forseglar porer i dekksidene og bidreg til å balansere hjulet.
Bruksområde og tips:
Guffa er spesielt utvikla for grove terrengdekk med forsterka sidevegger (som Enduro- og DH-dekk, t.d. Maxxis DD). Ho fungerer òg fint i lettare stidekk, grus- og landeveisdekk, men sidan tynnare dekk er meir porøse, kan væska «svette» litt gjennom dekksidene medan ho jobbar med å tette og kondisjonere gummien.
Spesifikasjonar:
- Volum: 1 liter (praktisk flaske for enkel påfylling)
- Innhald: Fri for lateks, ammoniakk og PFAS
- Produsert i: Canada
Ingen anmeldelser ennå. Bli den første!
Skriv den første anmeldelsen
Lignende produkter
-20%
På lager – 3 stk.
-20%
Kun 1 stk. på lager
På lager – 5 stk.
-20%
Ikke på lager






